Gartnardikt

Dikt som har tema frå planteverden.

Av Brynjulv den 16. september 2020

Dikt av Olav. H. Hauge Eg hogg ned den store apalen utfor glaset.

Eg hogg ned den store apalen utfor glaset. Han skygde for utsyni, det var eitt, det vart skumt i stova um sumaren, dessutan vilde ikkje Gartnarhallen ha Flaskeeple lenger. Eg tenkte på kva far min vilde ha sagt, han lika den apalen. Men eg hogg han ned. Det vart ljosare, eg kan sjå ut fjorden og elles fylgja betre med på fleire kantar, huset kom meir i berrsyni, viser meir att. Eg vil ikkje vera ved det, men eg saknar apalen. Her er ikkje som fyrr. Han livde for vinden og gav god skugge, soli glytte gjenom greinene innpå bordet, og um nætene låg eg ofte og lydde til susen i lauvet. Og dei Flaskeepli, det finst ikkje betre eple ut på vårparten, dei har så fin krydda smak. Det gjer ilt kvar gong eg ser stubben; når han er morken,skal eg brjota han upp og slå han sund til ved.

Olav H. Hauge